Om turen
Frå parkering ved Stuhaug er turen bratt om lag første 1,5 kilometer. I det du kjem opp på første flaten er det merka utsiktspunkt. Her er det benk for å ta seg ei rast med god utsikt over dalen ned mot Sandeid.
Etter utsiktspunktet er det fortsatt litt stigning før det går ned til Sønnanåstølen og Sønnanåtjernet. Ved Sønnanåstølen er det fleire mogelegheiter for rast med benk og bord, samt mohelegheit for fiske i Sønnanåtjernet.
Eit lite stykke frå stølen til du møter traktorveg frå Aurdal er det litt myr og dårleg sti – sjå etter merkepinnar. Frå du på ny når traktorveg og går ned til Aurdal, er det lett å gå i svakt hellande terreng.
Mange går turen til Stølen og attende. Det er også mogeleg å gå heile turen frå Stuhaug til Aurdal og attende, eller ein kan organisere seg med transport for å gå turen ein veg.
Å gå turen frå Aurdal og over til Stuhaug har ein lengre og ikkje så bratt oppstigning, og kan opplevast lettare å gå.
Å gå opp frå Stuhaug kan vera litt tungt for dei minste, men det er likevel ein fin familietur. Svært mykje av turen heilt frå Stuhaug til Aurdal går gjennom område med skog, mest lauvskog men også noko barskog.
Frå Sandeid:
Ta riksvegen mot Ølen. Etter om lag 4 kilometer, sjå etter skilt for tursti og Stuhaug Turisme. Følg skilt til parkeringsplass.
Terreng
Traktorveg i skog og eit kort stykke over myr
Avstand til målet
Sønnanøstølen 3 kilometer (om lag 1,5 time).
Aurdal 7 kilometer (om lag 2,5 time).
Vanskegrad
Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Turkart
Digitalt kart
Ut.no
Anna:
Stuhaug Turisme består av eit større privat museumstun. Fleire eldre bygningar er flytta frå nabobygder og gjenreist i tunet. Det består i dag av nærare ti bygningar, samt over 4.000 bruksgjenstandar.
Sønnanåstølen blei gjenreist i 1993. Historisk vart det støla her til godt ut på 1900-tallet. Fjøset undet ein stor stein er bevart som det ein gong var.
Bilete