Tilkomst og parkering
Turen startar i Skipavåg. Når du kjem frå Vikedal på Fylkesveg 46, Saudavegen, er det snautt 500 meter etter skilt for 60-sone og Skipavåg. Parkering ved busskur på høgre side av vegen, eller om lag 250 meter lengre fram på høgre sida.
Om turen
Turen startar på øvre sida av fylkesvegen. Gå om lag 130 meter vidare langs vegen frå bussuret. Eller tilbake om lag 120 meter dersom du har parkert på alternativet utan busskur.
Under vegs på turen er det nokre skilt med namn på plassar. Det første skiltet du kjem til er «Skiljeberget». Her kan du velja å gå eit stykke av turen på skogsveg. Dette er litt lengre, men ikkje så bratt som stien. Frå skogsvegen er det merka ein liten avstikkar til utsiktspunktet Trommenuten.
Det er også fleire andre utsiktspunkt oppetter stien. Her er det bratt utføre, så barn bør ikkje gå åleine i førevegen.
Hustoftstølen var stølen til Hustoft, Skipevåg og Rønnevik, som er dei inste gardane i Imsland. Herfrå kan du og gå vidare til Sellandsnuten 906 m.o.h., der det er flott utsikt i alle retningar. Turkassen finn du på Hustoftstølen.
Terreng
Sti, men du kan gå litt på skogsveg. Stien går for det meste i tørt terreng med ein del bratte parti, men nokre få plassar det kan vera blautt.
Avstand
7,3 kilometer tur/retur.
Tidsbruk
Om lag 3,5 timar tur/retur.
Vanskegrad

Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Turkart (PDF, 3 MB)