Tilkomst og parkering
Frå Innbjoa: Følg Fylkesveg 543 (Bjoavegen) utover fjorden forbi Bjoa kyrkje. Etter å ha passert Bjoa Auto køyrer du om lag 350 meter til du får skilt om badeplass (Vedvika) på høgre side.
Frå Utbjoa: Når du har passert kryss ned til ferjekaien, køyr om lag 1,6 kilometer til du kjem til skilt om badeplass (Vedvika) på venstre hand.
Om turen
Turen startar frå tømmervelteplass på oppsida av fylkesvegen. Følg ny skogsbilveg som går i ganske bratt lende gjennom blandingsskog opp til Hedleberget. Følg vidare merka løype på traktorveg frå Hedleberget, oppover så langt skogsvegen går.
Øvre del av skogsvegen går i myrlendt terreng og er til dels ganske våt. Vidare følgjer du merka sti opp til toppen av Låklinuten. Flott utsikt på toppen!
Terreng
Skogsveg og sti.
Avstand
Om lag 5,6 kilometer tur/retur.
Tidsbruk
Om lag 3 timar tur/retur.
Vanskegrad
Turkart (PDF, 3 MB)
Digitalt kart
Anna
Turen til Lokklinuten går forbi Hedleberget. Hedleberget er eit gamalt hellebrot der det er tatt ut ei stor mengd skiferstein opp gjennom tida. Det fins ingen rapportar om kor mykje som er teke ut, men lensmannen i Fjellberg nemner i femårsmeldinga for 1861-1865 at 4-5 mann jobba tre fjerdedelar av året i Hedleberget. Eigaren fekk halvparten av inntekta, dei som jobba fekk resten.
Den første tida brukte dei jernkilar, hamrar og treverktøy. Seinare kom sjølvsagt minebor, krut og dynamitt i bruk. Steinblokkene vart sprengt ut, deretter kløyvd for hand etter dei naturlege kløyveflatane som skiferen ligg i.
Det vart laga fleire storleikar, og forutan naturlege heller vart skiferen klipt med skantesaks etter mal. Taket på Håvard Lothe sitt hus er av heller frå Hedleberget. Den langstrakte haugen med småheller som ligg over alt, er avskjer etter produksjonen. Du kan i dag sjå muren etter eit lite arbeidshus som stod her.
Etter ein fin topptur, kan det vere verd å ta turen ned i Vedvika der det er ei fantastisk fin badestrand.
Andre turar i området
På veg til Lokklinuten passerar du også tursti til Kyrkjenuten, Sandvik og Steinsland. Sjå skilting.
Låklinuten