Den løynde skatten

I  samband med kommunesamanslåinga i 2006, gav kommunen ut ei bok «Den løynde skatten», der segner, songar og anna stoff frå heile kommunen er samla.

Innhaldet er segner og songar frå dei ni vindafjordbygdene. Boka har tekst av Guri Ravatn og teikningar av Ingeborg Anzjøn, medan Kjell Ravatn har teikna notebilda.

Utgivar er Vindafjord kommune.

Boka kostar 198 kroner og kan kjøpast på servicetorget på rådhuset. Den er også å finna hos ulike bokhandlarar på Haugalandet.