Vikedal kyrkje

Vikedal kyrkje er ei langkyrkje i tre. Den blei vigsla i 1881, og bygd i sein-empirestil.

Vikedal kyrkje ein fin junidag. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan. Kyrkja har 400 sitteplassar.

Altertavla i kyrkja er frå 1654. Den eine av dei to kyrkjeklokkene er frå 1300-talet.

Gudstenestelista og anna informasjon finn du på hyrdingen.no eller kyrkja i Vindafjord sin kalender.