Elevar i Vindafjord kulturskule kan få opplæring i gitar fra 3. klasse.
Dei 2 første åra er det lurt å begynne sin opplæring på akustisk gitar. Dersom ein har lyst, kan ein gå over på elektrisk gitar. Det eleven har lært på sin akustiske gitar er overførtbart til elgitar.
Det er mulig å få leige 1/2-gitar og 3/4-gitar i kulturskulen.
Grunnopplæringa fokuserer på enkelt akkordspel med utgangspunkt i 2-3 akkordar, melodispel der ein spelar etter gehør, noter eller tabulatur (TAB).
Mange ulike musikksjangere som rock, blues, viser, country, jazz, pop, heavy metal vil bli presentert.
Val av rett størrelse gitar er viktig. Dette kan gjerast i samarbeid med læraren. Dersom eleven er nådd så langt i sin utvikling og kan begynne på elgitar må eleven og ha en forsterkar.
Fokus på samspel er en del av undervisninga der eleven får mulighet for å spela saman to og to i band eller i større grupper. Det kan vera på speletime eller på ekstraøvelsar.
Val av lærestoff og bøker vil gi elevane den rette progresjon av teknikk og teori.
Undervisning i gitar tilbys i:
Ølen,,Kultur og læringssenteret
Vikedal skule
Sandeid skule
Vågen skule
Bjoa skule
Vikebygd skule
Skjold skule og Skjold kyrkja
Søk om plass