Reglar i symjehallen

Badeanlegget i Vindafjordhallen - Klikk for stort bileteBadeanlegget i Vindafjordhallen Kristine Thorsen Eikeland

Hygiene

  • All bading skjer på eige ansvar. Foreldre/føresette skal passe på barna sine.
  • Varsle badevakta dersom det er behov for assistanse ved personskade, ulykker eller brann.
  • Alle må vaske heile kroppen og håret utan badetøy før ein går i badstu eller basseng. Bruk såpe.

Badstu

  • Dusj før og etter bruk av badstu (dusj finst ved badstua).
  • Skal du ikkje bade, må du vaske føtene med såpe før du går inn i bassengområdet.
  • Personleg hygiene som barbering og negleklipping skal ikkje skje i garderobeområdet.

Helse og påkledning

  • Personar med smittsame sjukdommar, opne sår, plaster eller bandasje har ikkje tilgang til symjehallen.
  • Bruk badetøy! Undertøy er ikkje lov i bassenget.
  • Langt hår skal vere i strikk eller under badehette.

Bassengområdet

  • Stuping er berre tillate på den djupe delen av bassenget.
  • Kun éin person om gongen i sklia. Barn under 7 år kan skli saman med ein vaksen.
  • Springing, dytting, slåssing eller å dra andre under vatn er ikkje lov.
  • Du må vere 12 år og kunne symje for å vere aleine i bassenget.

Barn og følgje

  • Barn under 12 år må ha med ein vaksen, symjedyktig person over 18 år. Denne personen kan maks ha med 3 barn under 12 år.
  • Barn under skulealder kan følgje ein vaksen inn i garderoben av motsett kjønn.
  • Små barn og dei som brukar bleier må ha på tett badebleie.