Tysvær Arena Haugesund Sparebank

Tysvær Arena Haugesund Sparebank i Førresfjorden er ein moderne kultur- og idrettsarena som blir brukt til mange ulike ting.

Med ei golvflate på over 2.000 kvadratmeter er det mange bruksmogelegheiter. Arenaen kan delast opp etter behov, og her er det stor aktivitet frå mange typar idrett og kultur til store messer, konferansar og konsertar.

Tysvær Arena Haugesund Sparebank er også heimebana til Haugaland Håndball, og driftsselskapet Tysvær Arena Drift AS har som mål å legga til rette for eit sunt idrettsmiljø der alle kan trivast. Driftsselskapet er eigd av Tysvær kommune, Haugaland Håndball og Stegaberg idrettslag

Arenaen har 2.000 fastmonterte sitteplassar (teleskoptribune), og ein godkjent publikumskapasitet på 4.200 personar. Den har også ein VIP-Lounge som vert nytta til mindre selskap som dåp og konfirmasjon.

Info om Tysvær Arena Haugesund Sparebank på nett

Info om Tysvær Arena Haugesund Sparebank på Facebook