Lån aktivitetsutstyr på biblioteket

På biblioteket kan du låne bocciasett, utstyr til bordtennis, utstyr til padel og badminton, skateutstyr og volleyballar.

For å kunne låne må ein ha lånekort, og ha signert ein eigen låneavtale for aktivitetsutstyr. Å låne utstyr er gratis. Når ein har lånt utstyret kan ein ha det i 48 timar. Det er ikkje høve til å reservere aktivitetsutstyr.

Reglar for lån av aktivitetsutstyr:

  • Å låne utstyr er gratis.
  • Det er høve til å låne utstyr til ein aktivitet om gongen.
  • Lånetid: 48 timar.
  • Utstyret må leverast i betent opningstid på biblioteket.
  • All bruk av utstyr skjer på eige ansvar.
  • Vindafjord bibliotek er ikkje ansvarleg for korleis du brukar utstyret.
  • Utstyret skal leverast tilbake i same stand som då du lånte det.
  • Ved levering skal ein gje beskjed om det har oppstått skade på utstyr.
  • Skadd, eller øydelagt utstyr må erstattas. Normal slitasje må påreknast og er derfor ikkje erstatningsplikta. Med normal slitasje menes merker, riper og liknande som er oppstått ved vanleg bruk, og som ikkje hindrar at utstyret kan brukast vidare utan reperasjon. 
  • Hærverk på utstyr fører til krav om erstatning.
  • Mista eller tapt utstyr må erstattast.
  • Verneutstyr skal brukas ved lån av skateboard, eller anna utstyr som krev dette. Utstyr som skateboard blir ikkje lånt ut utan hjelm og verneutstyr. Ved bruk av privat verneutstyr må dette synast fram ved utlån.
  • Ein må vere registrert som lånar ved Vindafjord bibliotek. Ein lånar utstyret ved bruk av lånekort.
  • Lånarar under 16 år må ha føresette sin underskrift på utlånskontrakt. Føresett må møte personleg ved signering.
  • Brot på avtalen kan føre til tap av lånerett på sportsutstyr.

 

Om du har spørsmål om tilbodet, ta gjerne kontakt med biblioteket på telefon 53 65 58 60