Om vaksinasjonsprogrammet for vaksne i 2025

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til befolkninga i landets kommunar om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og voksne i risikogrupper. 

Folkehelseinstituttet (FHI) si tilråding om oppfriskingsdose mot korona gjeld personar som er 75 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper. 

Personar mellom 65 og 74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønskjer det.

I tillegg får 65-åringar tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom.

Målet med vaksinasjonsprogrammet er å førebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil bli sendt påminningar til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinetilbodet.

FHI: Les meir om pneumokokkvaksine

FHI: Les meir om influensavaksine

FHI: Les meir om koronavaksine