Langtidsplass

Vindafjord kommune gir tilbod om langtidsopphald ved ein av institusjonane sine. Dette er for personar som på grunn av sjukdom eller omfattande funksjonssvikt ikkje lengre kan bu i eigen heim, og som har behov for døgnkontinuerleg hjelp og tilsyn.

Målet for tenesta er å gi pasienten eit trygt og meiningsfylt tilvære, lindra liding og førebygga sjukdom og avgrensa omfanget av sjukdom.

Pasienten får hjelp til å dekka sine grunnleggande fysiologiske, åndelege og kulturelle behov. Ein ivaretar og viser respekt for eigenverd og sjølvstende.

Legetilsyn og nødvendig behandling vert gitt. Tenesta gir høve til å delta i eit fellesskap, og ein legg til rette for at pasienten kjenner seg trygg. Ein får også nødvendig vedlikehald av – og kompensasjon for – tapte funksjonar, mellom anna ved tilpassing av hjelpemiddel.

Einerom til alle

Alle får eigenomsorg ivaretatt ut i frå eigne ressursar. Ein vil få til eit optimalt funksjonsnivå. Alle har einerom med dusj og toalett, og pasientane får tilbod om ulike aktivitetar og kulturelle tiltak.

Tenesta er heildøgnsbemanna, og blir betalt etter satsar fastsett av kommunestyret.

Søka om plass

Ein skal søka på eige skjema som du finn via denne lenka.

Ta kontakt med servicetorget eller pleie- og omsorgskontoret om det er noko du lurer på.

Alle som søker vert kontakta av saksbehandlar innan 3 veker.

Serviceerklæring helse- og omsorgstenester

Betaling per månad

Betaling landtidsplass sjukheim
Teneste Takst
Brukar med nettoinntekt under 2 G 205 kroner
Brukar med nettoinntekt mellom 2-3 G 945 kroner
Brukar med nettoinntekt mellom 3-4 G 2740 kroner
Brukar med nettoinntekt over 5 G 3450 kroner