Korttidsplass

Vindafjord kommune gir tilbod om korttidsplass ved ein av institusjonane sine. Dette gjeld personar som på grunn av sjukdom eller funksjonssvikt har behov for opphald i ein avgrensa periode.

Målet for tenesta er å gi tryggleik til pasienten ved tilbakeføring til heimen, lindra liding og førebygga sjukdom og avgrense følgjene av sjukdom.

Pasienten får hjelp til å dekka sine grunnleggande fysiologiske behov, og hjelp til å meistra sin nye livssituasjon. Legetilsyn og nødvendig behandling blir gitt, saman med observasjon og vurdering av funksjons- og hjelpebehov.

Fellesskap og aktivitetar

Tenesta gir høve til å delta i eit fellesskap og tilbod om aktivitet. Den legg til rette for at pasienten kjenner seg trygg. Ein får også nødvendig vedlikehald av – og kompensasjon for – tapte funksjonar mellom anna ved tilpassing av hjelpemiddel.

Tenesta er heildøgnsbemanna, og blir betalt etter satsar fastsett av kommunestyret.

Søka om plass

Ein skal søka på eige skjema som du finn via denne lenka.

Ta kontakt med servicetorget eller pleie- og omsorgskontoret om det er noko du lurer på.

Alle som søker vert kontakta av saksbehandlar innan 3 veker.

Serviceerklæring helse- og omsorgstenester

Betaling korttidsplass og