Nytt samlokalisert Vindafjord omsorgssenter

Kva tenkjer du er viktig ved plassering av nytt omsorgssenter? Me ønskjer di meining gjennom ei spørjeundersøking

Vindafjord kommune står overfor store demografiske endringar dei komande åra. Talet på eldre aukar kraftig, og behovet for helse- og omsorgstenester vil auka tilsvarande i åra som kjem. Kommunen har allereie i dag utfordringar med rekruttering av nødvendig helsepersonell ved dei to eksisterande omsorgssentera – Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet.

For å møte framtida sine behov må kommunen gjere strukturelle endringar. Både helse- og omsorgsplanen og ekstern analyse peikar på at heildøgns omsorgsplassar bør samlokaliserast for å oppnå meir effektiv drift og meir robuste fagmiljø. Eit samla omsorgssenter vil kunne gi betre kvalitet i tenestene og betre føresetnader for å rekruttere og halde på fagpersonell.

Det er i dag om lag 80 institusjonsplassar i kommunen. Eit nytt, samlokalisert omsorgssenter er planlagt for omlag 100 plassar. Samstundes skal heimetenestene styrkast, og det må leggjast til rette for fleire tilrettelagde bustader slik at fleire kan bu heime lengre.

Kommunestyret har vedteke at det skal arbeidast vidare med fleire alternative plasseringar for eit nytt Vindafjord omsorgssenter. Det skal vurderast både nybygg og ombygging/utviding av eksisterande bygg. Alternativa skal vurderast opp mot kvalitet, driftsmessige løysingar, investeringskostnad, miljøpåverknad, gjennomføringsevne og konsekvensar for rekruttering av tilsette og frivillige.
Dette vil vere den største investeringa i kommunen si historie, med ei samla ramme på om lag 800–900 millionar kroner. Prosjektet vil få stor betydning både for innbyggjarar, pårørande, frivillige, tilsette og lokalsamfunn i heile kommunen. Det viktigaste er at ein finn gode og smarte løysingar for framtida slik at kommunen har kapasitet til å gi nødvendig hjelp til dei som treng det.

I denne fasen ønskjer kommunen innspel frå innbyggjarar, pårørande, tilsette og andre interesserte. Vi ønskjer særleg innspel knytt til kva som er viktig ved val av lokalisering:
•    Nærleik til tenester og samfunnsfunksjonar
•    Tilgjenge for pårørande, besøkande og frivillige
•    Betydninga av lokalmiljø i nærleiken
•    Kollektivtilbod og transportløysingar
Innspela vil vere ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet før endeleg tomteval og utforming av nytt omsorgssenter vert avgjort.

Kommunen har hatt møte med råd for eldre og personar med nedsatt funksjonsevne, tilsette og skal ha ope møte saman med pensjonistforbundet 05.03.2026. Spørjeundersøkelsen er åpen for alle innbyggjarar.
Undersøkelsen tek mindre enn 10 minuttar å svara på.

Vi set stor pris på at du tek deg tid til å svare. Spørjeundersøkinga vil vere tilgjengeleg frå 50.03.2026 og linken vil bli lagt her.