Tannhelsetenesta

Tannhelse Rogaland FKF ivaretar fylkeskommunen sitt ansvar for den offentlege tannhelsetjenesta.

Oppgåvene er mellom anna å gje gratis tannhelsehjelp til prioriterte grupper etter lov om tannhelsetenesta, gjera tilgjengeleg spesialisttenester for innbyggarar i fylket, og driva forskning og fagutvikling.

Eit overordna mål er å oppretthalda, betra og fremma befolkninga si (tann)helse. 

Meir info finn du på heimesida til fylkeskommunen.

Desse får gratis behandling

Tannhelsetenesta gir gratis tannbehandling til desse gruppene:

  • barn og ungdom 0-18 år
  • personar med psykisk utviklingshemming
  • bebuarar i alders- og sjukeheimar
  • enkelte brukarar av heimesjukepleien

Ungdom frå 19 til 20 år betalar 25 prosent av behandlingskostnadane.

Kven betalar tannlegerekninga di?

Ein slepp likevel å betala for nokre spesifikke tannbehandlingar. Oversikt over unntak og satsar finn du på heimesida til Helfo. Dersom utgiftene er høgare enn takstane, må du betala resten sjølv.

Korleis klagar eg på tannlegebehandling?

Tannlegeforeininga sine lokalforeiningar har eigne klagenemnder som skal medverka til å løysa konfliktar.

På heimesida til Den norske tannlegeforening finn du korleis du skal gå fram,