Klage på legetenesta

Klagesaker som omhandlar legetenesta eller legevakt skal sendast skriftleg til einingsleiar helse, Maren Tjelmeland Hustoft.

Kontaktinformasjon

E-post: Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
Postadresse: Maren Hustoft, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Kva skjer når du klagar?

Kommuneoverlege Terje Kleiven blir alltid orientert om mottekne klager til kommunen.

Klager som omhandlar legetenesta og den enkelte fastlege skal først vurderast av kommuneoverlege for å ivareta best mogeleg sakshandsaming.

Dersom klagen går på organisatoriske tilhøve ,kommunikasjonsvikt og liknande, vil kommunen ved einingsleiar helse, avklara dette mellom klagar og innklaga fastlege.

Vidare klageinstans

Pasientar som klagar på, eller er usamde i behandlinga ein får tilbod om, skal henvenda seg til Statsforvaltar.

Nettlenke til Statsforvaltaren i Rogaland