Fysioterapi for eldre

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få time hjå fysioterapeutane i kommunen. Dette gjeld både for dei kommunale og dei private med driftstilskot.

Eldre kan, alt etter funksjonsnivå, få tilbod om fysioterapi på institutt, i heimen eller i grupper. Kva som er aktuelt vert vurdert og bestemt i samråd med den enkelte pasienten.

Fysioterapeutane på institusjon, er i hovudsak tilknytt korttidsavdelinga på Ølen omsorgssenter. Her der det fysioterapeut til stades tre dagar i veka. Hovudsakeleg måndag, tysdag og torsdag. Dei som har behov for fysioterapi og rehabilitering får dette når dei er innlagt her.

For spørsmål som gjeld fysioterapi på korttidsavdelinga eller midlertidige boligar på Ølen omsorgssenter, ta kontakt med Inga Elise Haugland Eide, tlf: 41725438