Frisklivssentralen

Står du i fare for å for å få livsstilssjukdommar, og ønskar å gjera ei helsemessig endring i livet ditt? Fysio- og ergoterapiavdelinga i Vindafjord kommune kan hjelpa nettopp deg.

Kva er ein frisklivssentral?

Ein frisklivssentral er ei helsefremmande og førebyggande kommunal helseteneste med tilbod om støtte til å endra levevanar. Det kan blant anna vera hjelp til å komma i gong med fysisk aktivitet, endring av kosthald, søvnproblematikk, røykeslutt eller liknande. 

Me tilbyr individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod, og ønsker å bidra til å styrka den enkelte sine ressursar. 

Ein treng ikkje å ha ein diagnose eller å vera sjuk for å delta på tilboda.  Eksempel på problemstillingar kan vera høgt blodtrykk eller kolesterol, risiko for diabetes, milde og moderate psykiske utfordringar som depresjon og angst, overvekt, hjartesjukdom (avklart med lege), eller berre utfordring med å kome i gong med trening på eigahand. Me tilpassar treninga ut frå den enkeltes behov.

Ikkje ver redd for å ta kontakt for ein uforpliktane prat!

Kva kan du forventa?

Vindafjord kommune kjem i første omgong til å tilby gruppebasert oppfølging som går over 12 veker,  med individuelle samtalar i forkant og ved avslutning. Det vil bli trening to gonger i veka, måndag og onsdag kl. 10-12 (varigheit kan variere).

Hovudfokus vil vera fysisk aktivitet både inne og ute, men me kjem og innom livsstilsrelaterte tema som kosthald, stressmeistring, søvn og liknande. 

Tilbodet er i første omgang gratis, og vil føregå på dagtid. Det vil bli leia av fysioterapeutar. 
Ta kontakt med frisklivskoordinator for meir informasjon kring oppstart.

Kriterier

  • Du har behov – og er motivert eller kan lett la deg motivera for å gjera ei helsemessig endring. 
  • Me ønskjer i hovudsak å nå deg i yrkesaktiv alder (18-67 år).
  • Du har sjølvstendig gangfunksjon og klare å bevege deg i terreng.
     

Ein må vera førebudd på å prioritere oppmøte dei avsatte dagane. Det er viktig for kontinuitet og endring av vanar. Mange arbeidsgivarar er innstilt på å tilrettelegge for deltaking ved behov, snakk med næraste leiar om dette. 

Kontakt

Har du spørsmål, send oss ein e-post på frisklivssentral@vindafjord.kommune.no

Frisklivskoordinator og fysioterapeut Gunvor Garvik