Fysioterapi for barn

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få time hjå fysioterapeutane i kommunen. Dette gjeld både for dei kommunale og dei private med driftstilskot.

Alle barn har gratis fysioterapi til den dagen dei blir 16 år. Dette gjeld både hos kommunal og privat fysioterapeut med driftstilskot.

Me har to fysioterapeutar i kommunen, som jobbar inn mot born og unge. Arbeidsoppgåvene gjeld både grupper og individuell behandling på helsestasjonen, kartleggingar og vurderingar i barnehage og skule, individuelle behandlingar etter avtale på kontora våre i Ølen og hjelpemiddelformidling.

Ta kontakt med Liv Kjersti Hustveit, for helsestasjon og barnehage, tlf:41228589
Ta kontakt med Anna Sørum, for skulehelsetenesta, tlf: 93095195