Til foreldre og barn i aldersgruppa 5-15 år

Vindafjord kommune følger Folkehelseinstituttet (FHI) si anbefaling når det kjem til vaksinering av barn og unge. Dette er eit frivillig tilbod, og foreldre må avgjera om dei ønskjer å vaksinera barnet sitt.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Me følger også FHI si anbefaling om at kommunane bør unngå å legga opp til vaksinasjon på skulane. Dette fordi tilbodet då kan bli oppfatta som ei sterk oppfordring frå myndigheitene om å ta vaksinen, og dermed oppleves mindre frivillig.

For alle barn under 16 år kan mistenkt covidsjukdom stadfestast med ein PCR-test for å unngå samtidig konflikt med vaksinering, og også med tanke på utanlandsreise. PCR-test forutset positiv hurtigtest.

Vaksineringsdagar i mars

Det vert difor tilbod om vaksinering på Ølen samfunnshus torsdag 10., 17. og 24. mars frå klokka 09.00-11.45. Bestilling kan gjerast i timeboka som heiter «Vaksinering 5-15 år».

Den kraftige smittespreiinga av omikron dei siste vekene har skapt ein del uro og otte. Samtidig er det mykje som tyder på at dei fleste som blir smitta blir mindre sjuke av denne varianten, og at innleggingar som krev intensivbehandling heller ikke går opp.

Avgrensa behov for vaksine

Når det gjeld barn, meiner FHI at risiko for alvorleg sjukdom i denne gruppa er liten, og at behovet for vaksine for barn og unge er avgrensa. FHI har difor ikkje gitt ei generell anbefaling om vaksinering av barn og unge under 16 år utan alvorleg grunnsjukdom. Det er likevel vurdert at det er riktig å tilby vaksine til dei som ønskjer det.

Norske data viser at gjennomgått infeksjon hos ungdom kan gi svært godt vern mot ny infeksjon, og det kan difor vera ein fordel for vern mot nye virusvariantar i framtida. Folkehelseinstituttet vurderer difor at vaksinasjon av barn og andre dose til ungdom 12-15 år bør vera den enkelte sitt val, og ikkje ei sterk anbefaling frå helsemyndigheitene.

Barn 5-11 år

Kan vaksinerast med 1 eller 2 dosar dersom føresette ønskjer det. Vaksinasjon er mest aktuelt for:

  • Barn med kroniske sjukdommar (same gruppe som er anbefalt influensavaksine).
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for vern.
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytta til eller opphalda seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsett situasjon.

Ungdom 12-15 år

Tidlegare har denne gruppa fått tilbod om dose 1. Dette konkluderer FHI om tilbod om dose 2 til denne aldersgruppa:

FHI anbefaler at ungdom i aldersgruppa 12-15 år kan få tilbod om dose to. Det er likevel ikkje ei generell anbefaling om å ta vaksine då den største nytta allereie føreligg med første dose, og dose to kan gi noko auka risiko for hjartemuskelbetennelse. Per i dag har me også begrensa kunnskap om andre sjeldne biverknader. Det vil likevel vera eit tilbod til dei som ønskjer det.