Me kan snart sjå ein ende på over to år med pandemi. Vaksinekontoret i Vindafjord trappar derfor opp aktiviteten og tilbyr igjen reisevaksiner.
Darkmoon_Art, Pixabay
Behov for vaksiner og vern mot malaria er avhengig av blant anna reisemål, type og lengde på reisa og den epidemiologiske situasjonen til ei kvar tid.
I tillegg må den reisande sin helsetilstand, alder og tidlegare vaksinasjonsstatus vurderast.
Start i god tid før avreise
For dei fleste vaksiner tek det minst 1-2 veker før vern inntrer, og nokre vaksiner må takast to eller fleire gonger for å få full verknad. For å få optimal effekt av vaksinasjon bør ein difor i mange tilfelle starta i god tid før avreise.
Me hjelper deg med å finna fram til rette vaksiner for di reise og planlegga for ei best mogleg reiseoppleving.
Alle som skal reisa til Asia, Afrika, Mellom- og Sør-Amerika, Stillehavsøyene og Øst-Europa bør ta reisevaksiner. I visse områder er det i tillegg til vaksiner anbefalt med førebyggande behandling mot malaria.
Me kan også tilby
- Yrkesvaksinering
- Vaksinering ved manglar i barnevaksinasjonsprogrammet
- Influensavaksinering
Me tilbyr i tillegg vaksinering til bedrifter igjen.
Opningstider
Ta kontakt for nærare avtale på mobil 91 30 38 42 kvardager klokka 09.00-12.00, eller på e-post vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Sist endra 22.02.2022 12.49