Dei som manglar dose 2 får Pfizer-vaksine

Alle i Vindafjord som fekk første dose av AstraZeneca, får no tilbod om Pfizer som dose 2.

Klikk for stort bilete Pixabay  

Regjeringa vedtok 23. april 2021 å følga Folkehelseinstituttet (FHI) si anbefaling om at alle som har fått første dose med AstraZeneca-vaksine skal få tilbod om vidare vaksinering med mRNA-vaksine.

Dette medfører i Vindafjord kommune at alle som fekk første dose av AstraZeneca, no får tilbod om Pfizer som dose 2.

Alle dette gjeld beheld sin time til vaksinering ved Ølen kulturhus som de fikk utdelt ved første dose av AstraZeneca. Timen for dose 2 går altså som planlagt.

Helsepersonell som fekk sin første dose på arbeidsplassen, vil få vidare beskjed om tid og stad av næraste leiar.

Meir om dette finn du på FHI