Tilbake til normalen for smittevernkontoret

Vaksinekontoret er eit tilbod for privatpersonar og lokale bedrifter på heile Haugalandet. Normal drift i forhold til smittevernarbeid i kommunen gir større kapasitet til vaksinearbeid, som reisevaksinering.

Stux, Pixabay

Vindafjord kommune går 20. juni over til normal drift med ekstra beredskap om koronasituasjonen endrar seg. Det vil seia at koronakontoret og Ukraina-kontoret i dagens form blir avvikla.

Smittevernavdelinga vil framdeleis driva råd og rettleiing i smittevern til befolkninga, utføra tuberkulosekontrollar og drifta vaksinekontoret.

Reisetesting og koronatest

Reisetesting og stadfesting av koronatest blir tilvist til private aktørar på Haugalandet.

Hurtigtestar

Hurtigtestar får du om du tar kontakt med smittevernkontoret. Her kan du også få skriva ut koronasertifikat. Sjå kontaktinfo lengre ned.

Rådgjeving og vaksinering

Vaksinekontoret tilbyr reisemedisinsk rådgiving i tillegg til yrkesvaksinering og oppvaksinering i samsvar med barnevaksinasjonsprogrammet.

Oppfølging av flyktningar

Spørsmål knytta til kommunen si oppfølging av flyktningar frå Ukraina skal rettas til integreringstenesta i NAV Etne Vindafjord.

Kontakt oss

Smittevernkontor

  • Mobil: 99 52 99 06
  • Måndag til fredag klokka 09.00-12.00
  • E-post: smittevern@vindafjord.kommune.no

Vaksinekontor

  • Mobil: 91 30 38 42
  • Tysdag, onsdag og torsdag klokka 09.00-15.00
  • E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no