Til alle 16- og 17-åringar i Vindafjord

Det er nå mogleg å bestilla time for koronavaksinering i Remin. Aktuelle dagar for dette er torsdagane 16. og 23. september.

Klikk for stort bilete Wilfried Pohnke, Pixabay

Bestilla time til koronavaksine

Alle innbyggarar som er født i 2004 og 2005 skal også ha fått ei melding på SMS denne veka. Her viser det seg at me har tekniske utfordringar som gjer at dette ikkje har fungert optimalt.

Husk å ha med samtykke frå begge føresette om du ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonsdagen.