Stor rift om vaksinetimar

Nå er det opna for vaksinebooking i gruppe 11. Det har medført at det er har blitt stor rift om ledige timar. Denne veka har ein også starta med vaksinering av barn og ungdom i risikogrupper.

Eit trillebord med klare vaksinedosar. - Klikk for stort bilete– Me får som regel veta kor mange dosar me får torsdagar eller fredagar, og legg ut ledige timar fortløpande, seier Lene Skartland. Ellen Marie Hagevik

Denne veka har 258 personar fått dose 1, og 49 har fått dose 2. Dermed er 2.504 vindafjordingar fullvaksinerte.

– Då me opna vaksinebooking for prioriteringsgruppe 10, gjekk det litt tregt å få fylt opp timane. Me valde difor å også opna for gruppe 11. Etter det har det vore stor pågang, og timane fyk ut, seier Lene Skartland, helsesjukepleiar smittevern og vaksinekontor.

Ein må sjølv følga med

Så stor er pågangen at ein del har fått melding om at det ikkje er ledige timar når dei går inn for å booka. Det er altså ikkje Remin-systemet det er noko gale med, som mange har ringt vaksinetelefonen om denne veka.

– Får du melding om at det ikkje er ledig time, er det fordi alle vaksinetimar er fullbooka. Ein telefon til vaksinekontoret endrar ikkje på dette. Me får som regel veta kor mange dosar me får torsdagar eller fredagar, og legg ut ledige timar fortløpande. Folk må rett og slett berre følga med og prøva igjen, seier Skartland.

Bestilla vaksinetime på Remin

Amming og vaksine

I aldersgruppene som nå blir vaksinerte, er det ein del som ammar. Det er ikkje påvist koronavirus i morsmelk hos kvinner med covid-19-infeksjon der dette er undersøkt. Kvinner med covid-19-infeksjon kan derfor amma som normalt, og det same gjeld for vaksine. Dette er også rådet fra Verdens helseorganisasjon (WHO).

Når det gjeld gravide, bør dei ta kontakt med fastlegen før vaksinering.

Råd for gravide og ammande (FHI)

Barn og ungdom i risikogrupper

– Det som er nytt denne veka, er at me startar å vaksinera utvalgte grupper frå 12-17 år. Desse må bli meldt inn av fastlege, seier Skartland.

Barn og ungdom ser ut til å få mild sjukdom, også barn med kroniske sjukdommar. Når vaksinasjonsdekninga aukar i den vaksne befolkninga, vil smitte blant barn og unge bli mindre vanleg fordi det vil vera mindre smitte i sirkulasjon. Dette ser ein allereie i land som Storbritannia, USA og Israel, der dei har kome lengre i vaksinasjonsutrulleringa.

For barn og ungdom i aldersgruppa 12-17 år kan det vera enkelte grupper der det kan vera indikasjon for vaksine mot covid-19 når denne blir tilgjengeleg. Det er ikke foreløpig opna for vaksinasjon av friske barn og ungdom som er nærkontaktar til personar i risikogruppene. 

Meir informasjon om desse gruppene og om covid-19 hos barn og ungdom:

Barn og covid-19 (Norsk barnelegeforening)

Råd og informasjon for barn og ungdom (FHI)

Råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (FHI)