Over 5.500 vindafjordingar er fullvaksinerte

Vindafjord kommune avslutta denne veka massevaksineringa på kulturhuset i Ølen. Alle som er i målgruppa for dose 3 blir oppfordra til å ta kontakt med vaksinekontoret.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Framover vil dei som har igjen dose 2 frå massevaksineringsprogrammet bli vaksinerte ved enkelttimar på kulturhuset og koronakontoret.

– Det er framleis ikke for seint å få vaksine om du ønskjer det. Ta kontakt med vaksinekontoret på e-post eller telefon, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Denne veka har 80 personar fått dose 2, og talet på fullvaksinerte vindafjordingar er kome opp i 5.554.

Datoar for dose 2 kjem snart

I løpet av neste veke vil alle mellom 12 og 15 år ha fått tilbod om ein dose koronavaksine (Pfizer). Denne aldersgruppa skal per i dag berre ha ein dose.

81,3 prosent i aldersgruppa 16-17 år har fått dose 1. Det vil om kort tid bli sendt ut datoar for dose 2 i denne aldersgruppa. Intervallet mellom dosane skal vera 8-12 veker.

Dose 3 til bestemte målgrupper

– Me anbefaler alle som er i målgruppene for dose 3 å ta kontakt med oss for time. Du treng ikkje venta på brev frå spesialisthelsetjenesta. Ved bestilling av time må du visa fram dokumentasjon på diagnose eller resept, seier Økland.

Gjennomføring av vaksinasjon med 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar:

Dei fleste pasientane skal vaksinerast i sin heimkommune. Det er kommunane som avgjer om 3. dose skal settast som drop-in eller etter timebestilling.

I Vindafjord kommune vil det bli timebestilling.

For å få 3. dose må det dokumenterast at ein person høyrer til i dei utvalte gruppene med alvorleg nedsett immunforsvar. Spesialisthelsetenesta er hovudansvarleg for dette, og vil melda inn pasientane som er aktuelle for dose 3.

Dei som skal vaksinerast med tredje dose vil få eit brev frå sjukehuset. Brevet kan du ta med deg til kommunen når du skal bestilla eller møta opp til vaksinasjon.

Sidan dette kan ta noko tid, har spesialisthelsetenesta i tillegg kome fram til følgjande alternative måtar å dokumentera at du høyrer til ei pasientgruppe som kan få ein tredje dose:

Gruppe 1

Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon.

  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt.
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5.
  • Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon.

Alle som har ein diagnose i høve til lista for gruppe 1, kan visa fram notat frå sjukehus der diagnose framgår om dei ønskjer vaksine før dei har mottatt brev fra sykehuset.

Gruppe 2

  • Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av anna årsak:
  • Pasientar som brukar immundempande medisinar som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa kan kontakta kommunen direkte, og visa frem dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept, e-resept eller medikamentpakning der pasientens namn framgår.

Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling:

  • Dei i gruppe 2 som har kreftsjukdom og er under aktiv behandling, skal avventa brev frå spesialisthelsetjenesten.
  • For dei i gruppe 2 som er oppført på medikamentlista, held det med framvisning av resept.

Medikamentliste legeforeningen.no

Pasientar som av ansvarleg legespesialist blir vurdert å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i en av gruppene ovanfor: Disse må ha også venta på eige brev frå spesialisthelsetenesta.

Bestilling av time

– Det er ein del pasientar som kan direkte kontakt med oss for å bestilla time. Dette gjeld mellom anna personar som går på medisinar ført opp på FHI si liste, samt dei som må framvisa aktuell dokumentasjon frå lege, seier Økland.

Meir informasjon og medisinliste på FHI