Ny vaksinerekord på éin dag

Torsdag blei det sett ny vaksinerekord med 468 vaksiner i løpet av éin dag. Vaksinekontoret minner om at det er viktig å møta presis til vaksinering.

Eit trillebord med klare vaksinedosar. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Denne veka har 402 vindafjordingar fått dose 1 og 66 har fått dose 2. Dermed er Vindafjord oppe i 2.570 ferdig vaksinerte over 18 år.

Å setta ny vaksinerekord med 468 vaksiner på éin dag gjekk veldig bra.

Kom presis

– Ting gjekk som planlagt. Det er viktig at folk møter presis til timane sine. Om nokon kjem for seint blir det lett forseinking for heile gruppa som har time samstundes. Heldigvis kjem dei fleste til rett tid, seier Lene Skartland, helsesjukepleiar smittevern og vaksinekontor.

Ho minner også om at det er viktig at folk gir beskjed om det er fare for at dei blir dårlege. Då blir det tilrettelagt for at vaksineringa skal gå best mogeleg.

Restplassar til Etne

– Frå måndag tilbyr me Etne kommune restplassar hos oss. Så er du vindafjording og vil ha vaksine, bør du bestilla i løpet av helga, oppmodar Skartland

Innbyggarar i Etne skal ikkje ta kontakt med Vindafjord for å få time, men kontakta dei som vaksinerer i Etne:

Koronavaksinetelefonen for Etne: 91 34 49 55. Send gjerne ein SMS.

Eller send e-post til koronavaksine@etne.kommune.no