Ny vaksinerekord i veke 22

315 fekk dose 1 og 358 fekk dose 2 denne veka. Dermed vart det sett ein solid vaksinerekord med 673 vaksiner. Førre vekesrekord var 431 vaksiner.

Person blir vaksinert i kulturhuset i Ølen. - Klikk for stort bilete1.932 vindafjordingar er nå fullvaksinerte. Ellen Marie Hagevik

Vaksineringa i gruppe 8, dei mellom 55-64 år utan sjukdommar, er godt i gang. 1.932 vindafjordingar er nå fullvaksinerte.

– Det har gått bra denne veka, og folk er flinke til å møta til avtalt tid. Me minner alle om at dei må planlegga for begge dosar når dei møter opp. Det er lite fleksibilitet ved bytting av timar. Grunnen til dette er absolutt ikkje for å vera vanskeleg, men at dose 2 blir reservert til akkurat deg når du møter opp første gang, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Me oppfordrar alle til å sjekka sine vaksiner og koronasvar på helsenorge.no. Koronasertifikat til bruk innanlands er venta å vera klarr frå 11. juni.