Kommuneoverlegen si oppsummering veke 30

Koronapandemien er framleis ein del av kvardagen vår, sjølv om me i Vindafjord ikkje har smitte. Fleire nabokommunar har sporadisk smitte, og det er lokale utbrot fleire stadar i landet.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Terje Kleiven minner om at veke 31 (kommande veke) er siste veka kommunen gjev tilbod om første dose med Pfizer-vaksinen. Ellen Marie Hagevik

Beste middelet mot infeksjonen er vaksine. I Vindafjord har me dei siste vekene hatt vaksiner til overs og god kapasitet på vaksinering.

82,2 prosent av alle vindafjordingar over 18 år har nå fått dose 1. Veke 31, altså kommande veke, er siste veka kommunen gjev tilbod om første dose med Pfizer-vaksinen. Etter dette er det berre dei som treng 2. dose, og seinare eventuelt ein tredje dose, som får tilbod om vaksinering i kommunal regi.

Det er nokre få unntak, til dømes gravide, som vil få første dose vaksine seinare.

12 veker intervall

Det er ikkje dokumentasjon på at koronaviruset går over i morsmjølk, så ammande bør vaksinera seg. Gravide bør venta til etter gjennomgått svangerskap, eventuelt avtala med fastlegen sin før ein tek vaksine.

Alle som har fått føste dose med Pfizer-vaksine har tydeleg mindre sjanse for sjukdom og smitte. Alle får avtale om 2. dose etter 12 veker. Der er opna for kortare intervall, men i kommunen vår gjeld 12 veker framleis.

Nye utfordringar med muterte virus

Det kjem stadig nye utfordringar når det gjeld muterte virus. Deltaviruset viser seg å smitta meir frå vaksinerte enn dei andre variantane. Einaste tiltaket som kan dempa smitte frå vaksinerte, er at den vaksinerte brukar munnbind. Det er ikkje generell anbefaling om dette i vår kommune per dags dato.

Det er gledeleg at vaksinen i stor grad vernar mot moderat og alvorleg sjukdom.

Test deg om du har symptom

Alle smitteråd som avstand, handhygiene, og ikkje minst redusera talet på nærkontaktar, gjeld framleis.

I skrivande stund har me ingen nærkontaktar i kommunen. Me testar ein del med symptom, samt i samband med reiser. Det er viktig å minna om at ALLE med akutt nyoppståtte luftvegssymptom skal testa seg.

Terje Kleiven
Kommuneoverlege