Kommuneoverlegen si oppsummering veke 19

Me har hatt til saman 142 smitta personar i Vindafjord til dags dato. I dag har me ein smitta og fire i karantene på grunn av smitten. Tilfellet er knytt til arbeidsinnvandring.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bileteOm kommunen får vaksinar som tidlegare førespegla, vil alle over 18 år ha fått tilbod om vaksine til midten av juli, skriv kommuneoverlege Terje Kleiven Ellen Marie Hagevik

Til saman 3.117 personar har fått minst ein vaksinedose, og av desse har 821 fått to dosar og er rekna som fullvaksinerte.

Vindafjord har 6.369 personar over 18 år, så det er ikkje lenge før halvparten av målgruppa har fått ei vaksine. Ein vaksinedose gjev relativt god dekning både når det gjeld risiko for smitte og risiko for alvorleg forløp om ein er uheldig og får smitte eller sjukdom.

Midten av juli

Dei neste to vekene vil mange av vaksinane gå til dei som skal ha andre dosen sin. Om kommunen får vaksinar som tidlegare førespegla, vil alle over 18 år ha fått tilbod om vaksine til midten av juli.

Det er ei viss usikkerheit knytt til dette sidan der stadig er press frå spesielt det sentrale Austlandet for omfordeling og prioritering av desse områda.

Det må vera lov å uttrykka ein viss skepsis om styresmaktene vel å redusera talet vaksinar Vindafjord får.

Kontrollør er godt i gang

Vår kommune har vore, og er, utsett for større risiko enn mange andre kommunar. Kvar veke gjev Sjøfartsdirektoratet dispensasjon til 30-40 arbeidsinnvandrarar etter søknad frå lokalt næringsliv og landbruk.  Sjølv om desse er testa, som regel med hurtigtestar, ser me at testregimet i samband med innreise sviktar.

Kommunen sin kontrollør er godt i gang med å følga opp personar i innreisekarantene. Inntrykket er at dei fleste er flinke til å følga opp karanteneplikta.

Alle smitteråd gjeld

Kommunen føl nasjonale retningsliner framleis, og alle smitteråd gjeld. Testkontoret vårt er ope alle kvardagar.

Me har heldigvis svært lite smittetrykk i kommunen og i regionen. Me kryssar fingrane for at dette held seg, og ønskjer alle ei fin langhelg.

Terje Kleiven
Kommuneoverlege