Kommuneoverlegen oppsummerer veke 15

Smitten på Haugalandet har vore godt på veg ned denne veka, og ein har kontroll. Slik er det og i Vindafjord. Me har ikkje registrert nye smitta denne perioden. Dei fleste butikkar, treningssenter og serveringsstader har opna opp att, og skulane i kommunen vår er på gult nivå.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Allergiplager eller luftvegsinfeksjon?

Kommunen har god beredskap på eventuell nysmitte både når det gjeld testing og sporing. Me snakkar framleis om eit virus som smitter lett. Dette gjeld og blant barn og unge, så ein skal framleis teste seg viss ein får akutt oppståtte luftvegsplager.  Allergisesongen er godt i gang, og det kan vera vanskeleg for den enkelte å skilje mellom allergiplager og eventuell luftvegsinfeksjon. Viss ein er i tvil så kontakt med fastlegen, eller meld deg til teststasjonen for testing. Feber og påverka allmentilstand i tillegg til sjølv lette luftvegsplager som nyoppstått hoste, tett nese, tap av smakssans, sår hals osv gjev mistanke om infeksjon framfor allergi som årsak til plagene.

Oppfølging av personar i karantene

Denne veka har me tilsett ein person som vil følge opp personar som er i karantene, spesielt innreisekarantene. Oppfølginga er spesielt med tanke på å sjekke om ein føl karantenereglar. Får ein symptom når ein er i karantene skal ein sjølvsagt kontakte teststasjon for testing. Eventuelt og lege om ein treng legetilsyn eller behandling.

Vaksinering av 250 personar i veka

Til no har 20 % av innbyggarane i Vindafjord fått fyste dose av  Pfizer-vaksinen.  Av desse er om lag ein fjerdedel fullvaksinerte. Dei neste to vekene ser det ut til at me kan vaksinere vel 250 personar i veka. Ein vaksinerer no ned i risikogruppene under 65 år, i tillegg byrjar dei fleste som over 65 år som vil ha vaksine å ha fått tilbodet. Vaksinering er avgjerande for å stoppe pandemien. Er me heldige får me auke i talet på vaksinedosar dei neste vekene.

Fortset me å følge råd som vert gjeve, slik ein har gjort til no, er det von om at me får ein tilnærma normal sommar.

 

Terje Kleiven

Kommuneoverlege.