Informasjon om dose 4 med koronavaksine

Personar med alvorleg svekka immunforsvar er per i dag anbefalt 3 dosar i grunnvaksinasjonsserien, og i tillegg ein oppfriskingsdose 3 månadar etter dose 3. Personar over 80 år kan velja sjølv om dei vil ha dose 4.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Det er god oppslutnad om dei tre første dosane, men det er framleis mange med alvorleg svekka immunforsvar som ikkje har tatt oppfriskingsdose.

Har du gløymt dette og ønsker ein 4. dose, ta kontakt med vaksinekontoret.

Alvorleg svekka immunforsvar

Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar grunna sjukdom, eller bruk av immundempande medikament, har generelt dårlegare respons på vaksiner samanlikna med friske personar. I tillegg har desse pasientgruppene høgare risiko for å bli alvorleg sjuke dersom dei blir smitta med koronaviruset

Mange vil ha oppnådd godt vern dersom dei har følgt dei gjeldande anbefalingane. Enkelte grupper, for eksempel dei organtransplanterte som er blant dei pasientane med mest alvorleg svekka immunforsvar, kan sjølv etter fire dosar ikkje ha oppnådd god nok immunrespons. Dei kan derfor ha behov for ytterlegare dosar. Dette er ei vurdering spesialisthelsetenesta gjer.

Behov for ytterlegare dosar til eldre

Folkehelseinstituttet (FHI) vurderer at det basert på dagens kunnskap og situasjonen i Noreg ikkje er grunnlag for å gi ei generell anbefaling om ein 2. oppfriskingsdose til alle eldre, heller ikkje dei aller eldste og skrøpelegaste.

Samtidig seier FHI at ein ny oppfriskingsdose (dose 4) kan vera aktuelt til personar over 80 år. Dei presiserer at det er avgrensa kunnskap om i kor stor grad skydd mot alvorleg sjukdom avtar blant personar over 80 år etter den første oppfriskningsdosen. Vurderinga baserer seg på at dei eldre oppnår generelt lågare immunrespons enn yngre, og at dei har ein høgare risiko for å bli alvorleg sjuke om dei skulle bli smitta.

Kan velja sjølv

I Noreg er nå vinterbølga av epidemien avtakande slik at ein eventuell nytte av ein ny oppfriskingsdose vil vera mindre i Noreg enn i andre land med ein meir utbreitt epidemi.

Folkehelseinstituttet opnar likevel for at personar frå 80 år og eldre som har fått 3 dosar, og ikke har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få ein ny oppfriskingsdose om dei sjølv ønsker det. Dosen tidlegast bli gitt 4 månader etter siste oppfriskingsdose. Ein ny dose nå vil ikkje nødvendigvis utelukka eit behov for ytterlegare oppfriskingsdose til hausten når smitten er venta å auka.

Ta kontakt med vaksinekontoret

Folkehelseinstituttet følger situasjonen nøye, og vil gjera jevnlege vurderingar i tida framover for tidleg å kunna avdekka ein eventuell endring i smittesituasjon eller sjukdomsbyrde som tilseier behov for endring i vaksinasjonsanbefalingane.

Ettersom tilbod om vaksine til personer frå 80 år og eldre ikkje er ei generell anbefaling, men ein moglegheit for den enkelte, ber me deg ta kontakt med vaksinekontoret om du ønsker ein 4. dose.