Har byrja med 4. dose koronavaksine

Frå mars går kommunen tilbake til vaksinering berre torsdagar. Ein ny type vaksine er nå tilgjengeleg. Føresette kan bestilla vaksine til barn i aldersgruppa 5-11 år, og ein har byrja med dose 4 til prioriterte grupper.

Wilfried Pohnke, Pixabay

– Med aukande smitte i kommunen ser me at det er fleire som ikkje møter til timar. Det er veldig kjekt om du tar kontakt og avbestiller timen så me ikkje sit inne med dosar me må kasta, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Blir du sjuk same dag som du skal ta vaksinen, send ein e-post til Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no eller ring vaksinetelefonen 90 30 38 42 mellom klokka 09.00 og 12.00.

Husk at gjennomgått koronasjukdom ikkje erstattar oppfriskingsdose (3. dose) i koronasertifikatet, og berre varer 180 dagar. Les mer om koronasertifikat på helsenorge.no.

Fram til mars er det tilbod om vaksinering tysdag og torsdag. Frå mars og utover våren blir det vaksinering berre torsdagar.

Mogelegheit for vaksinering med Nuvaxovid

Denne koronavaksinen bygger på ein meir tradisjonell teknologi enn mRNA-vaksinene til Moderna og Pfizer, som er mest brukt i Noreg.

– Det er bestemt å gjera eit mindre tall dosar av Nuvaxovid tilgjengeleg i Noreg, slik at dei som ønskjer å nytta seg av denne vaksinen får mogelegheit til det, seier overlege Sara Viksmoen Watle ved Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

Ho meiner det ikkje er grunnlag for å føretrekka denne vaksinen framfor mRNA-vaksiner, verken ved grunnvaksinasjon eller oppfriskingsdose.

Vaksinen er imidlertid aktuell for personar som av ulike årsaker ønskjer ein annan vaksinetype.

Vaksinering av aldersgruppa 5-11 år

Folkehelseinstituttet har i si vurdering framheva at koronavaksine kan ha positiv nytte. Risiko for alvorleg sjukdom i denne alderen er imidlertid liten, og behovet for vaksine for barn og unge er avgrensa. Det blir også peika på at immunitet gjennom infeksjon kan gi breitt og varig vern hos barn og unge.

Frå september 2021 har 12-15-åringar hatt tilbod om koronavaksinasjon. Nå kan også barn i alderen 5-11 år få vaksine.

Vaksinen som er godkjent for barn mellom 5-11 år er frå Pfizer, og er ein eigen barnedose. Denne vaksinen skal også tynnast og klargjerast. Då må den brukast innan nokre timar. Av den grunn må vaksinekontoret ha ei oversikt over kven som ønskjer vaksinen, og deretter setta dei opp til vaksinering same dag.

De som ønskjer vaksinen, må derfor melda frå til vaksinekontoret på telefon 91 30 38 42 eller senda ein e-post til Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no.

Kven bør og kan ta vaksine?

5-11-åringar med alvorlig grunnsjukdom bør grunnvaksinerast med to dosar.

5-11-åringar kan vaksinerast med ein eller to dosar dersom føresette ønskjer det. Når barn skal vaksinerast, blir éin dose vurdert å ha best nytte-ulempebalanse. Vaksine er mest aktuelt for:

  • Barn med kroniske sjukdommar (same gruppe som er anbefalt å ta influensavaksine).
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for vern.
  • Barn som har auka risiko fordi dei skal flytta til eller opphalda seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Noreg.

Gjennomgått covid-19 blir rekna som ei immunologisk hending og reduserer behovet for vaksinedosar.

4. dose til dei med immunsvikt

Alle med immunsvikt og tre dosar som grunnvaksinasjon, har tilbod om 4. dose tre månader etter 3. dose.

Dei må sjølv ta kontakt med vaksinekontoret om dette.