Endring i rutinane for testing med sjølvtest og PCR-test

Ifølge nasjonale retningslinjer er det nå anbefalt at enkelte grupper som får positiv sjølvtest ikkje treng å ta PCR-test. For desse blir positiv sjølvtest rekna som stadfesting på eit sikkert positivt tilfelle.

5-pakning med hurtigtestar. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Raskt aukande smittetrykk og stor belastning på kommunar og laboratorier er årsaka til endringane som Helsedirektoratet har innført.

Alle som testar positivt på sjølvtest er anbefalt å registrera det via kommunen sitt elektroniske innmeldingsskjema. Dette er svært viktig for at kommunen skal ha oversikt over smittesituasjonen.

Hurtigtestar kan du henta på koronakontoret, Rådhusplassen 32 (gamle legevakta i Ølen). Hugs at den som hentar testane må vera symptomfri. Opningstida er 08.00-12.00 og 13.00-15.00 på kvardagar.

Desse skal ikkje bestilla PCR-test

Personar i gruppene under skal ikkje bestilla PCR-test etter positiv sjølvtest, men må straks etter gjennomført test melda inn resultatet i kommunen sitt elektroniske innmeldingsskjema.

  • Personar som har mottatt ein tredje vaksinedose (oppfriskingsdose).
  • Personar som har fått to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadane.

Meld inn positiv sjølvtest

Testar du positivt skal du isolera deg

Desse skal bestilla PCR-test

Bekreftande PCR-test eller bekreftande antigen hurtigtest til profesjonelt bruk vert tilrådd vidareført til følgande personar:

  • Personar med primær eller sekundær immunsvikt, derunder organtransplanterte og immunsupprimerte.
  • Barn og ungdom mellom 0-16 år.
  • Uvaksinerte og delvaksinerte personar utan oppfriskingsdose som har behov for koronasertifikat.

Bestill time til test

Korleis registrera positiv sjølvtest

  • Når du har klikka inn på elektronisk innmelding av sjølvtest, må du velja Vindafjord kommune. Kommunane står i alfabetisk rekkefølge, så du må skrolla ein stykke ned for å finna Vindafjord.
  • Klikk deretter på pila til høgre for kommunenamnet og logg inn med bankID.

Har du ikkje bankID, eller ikkje får til å registrera den positive testen,