Endrar råd om sjølvtesting

FHI anbefaler nå å ta prøve frå både hals og nase når ein testar seg sjølv. Det er viktig at ein tar testen om morgonen før ein har ete eller drukke, eller ventar minst 30 minutt etter inntak av mat og drikke.

Testpinne på veg ned i svelget. - Klikk for stort bileteTestpinnen skal først i svelget, deretter i begge nasebor. Tho-Ge, Pixabay

Årsaka til endra råd, er at det ved omikron ser ut til at kombinert svelg-naseprøve til antigen-hurtigtestar vil fanga opp fleire smitta personar enn prøve frå nasa aleine. Dette gjeld særleg dei første dagane ein har symptom, skriv FHI i ei pressemelding.

For barn er det framleis anbefalt å ta testen frå nasa.

Først i svelget

Dei fleste tilgjengelege antigen-hurtigtestar er tenkt til analyse av prøvemateriale frå bakre eller framre nasevegg, men det ser ut til at desse fungerer godt også for kombinert prøve frå svelg og nase.

̶   Spesielt vaksne personar med symptom kan derfor ta prøve både frå svelg og nase når de tar sjølvtestar, seier lege Joakim Øverbø i Folkehelseinstituttet.

Prøven skal først takast frå svelget/halsen, og deretter frå nasa. Det gir høgast sannsyn for å fanga opp smitte. Du bør ikkje ta prøven berre frå svelget/halsen.

Husk å testa før du et eller drikk

Ein naseprøve aleine vil framleis fanga opp dei fleste smitta. Personar som synes det er ubehageleg eller vanskeleg å ta test frå svelget/halsen, kan testa seg på vanleg måte i nasa.

Prøvetaking frå svelg (hals) bør gjerast om morgonen før du et eller drikk noko. Eventuelt minst 30 minuttar etter inntak av mat og drikke, for å unngå at testen blir falskt positiv. Årsaka er at nokre typar mat og drikkevarer har vist seg å kunna påverka testresultatet.