Deler ledige vaksinetimar med Etne

Frå og med neste veke vil etnebuar kunna vaksinera seg i Vindafjord om det er ledige timar.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Vaksinekontoret i Vindafjord kommune har ein dialog med Etne kommune om dosar som blir til overs under koronavaksineringa.

– Frå og med neste veke vil me tilby Etne dei timane som ikkje blir booka av vindafjordingar på torsdagane framover. Det er viktig å få brukt alle dosane me får for å unngå at dei må kastast, seier Lene Skartland, helsesjukepleiar smittevern og vaksinekontor.

Til svarande blir også gjort på ytre Haugalandet. Der kan haugesundarar booka ledige timar på Karmøy.