Avgrensa kapasitet på koronakontoret i vinterferien

Koronakontoret har denne veka avgrensa kapasitet på bekreftande PCR-testing og responstid på koronatelefonen. Det er framleis viktig å melda inn positiv sjølvtest elektronisk.

Postitiv hurtigtest. - Klikk for stort bilete Matthias_koll_leverkusen, Pixabay

Mange tar kontakt med koronakontoret fordi dei trur at PCR-testen må takast same dag eller dagen etter positiv sjølvtest.  

Dette er ikkje nødvendig, og det går fint å venta til neste tilgjengelege time på teststasjonen. PCR-testen vil gi utslag også ei tid etter at antatt smitteføringsperiode er over.

– Me oppfordrar framleis publikum til å melda inn positive sjølvtestar elektronisk. Me minner om at hurtigtestar er tilgjengeleg på alle daglegvarebutikkar i kommunen, samt enkelte bensinstasjonar, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Sjølvtest for korona (helsenorge.no)

Meld inn positiv sjølvtest

Kven bør ta bekreftande PCR-test?

Dei som har oppfriskingsdose, eller har to dosar vaksine og gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste 3 månadane, treng ikkie å ta ein bekreftande test på eit testsenter.

Desse bør ta PCR-test:

  • Personar med alvorleg svekket immunforsvar
  • Barn og ungdom mellom 0-16 år
  • Personar som ikkje har fått oppfriskingsdose
  • Om du har behov for helsehjelp

Bestill time til bekreftande PCR-test