425 dosar er sett i veke 24

Er du 48 år eller eldre, og ikkje har blitt kontakta om vaksine? Då må du snarast ta kontakt med vaksinekontoret.

 

Vaksinedosar blir trekt opp. - Klikk for stort bileteVaksineringa har nå kome til gruppe 9. Det vil seia aldersgruppa 45-54 år. Ellen Marie Hagevik

I veke 24 vart de sett 425 dosar. 316 fekk dose 1 og 109 fekk dose 2. Dermed er  2.304 vindafjordingar er nå fullvaksinerte.

Berre ei veke etter at vaksineintervallet var endra til ni veker, kom det kontrabeskjed. I Vindafjord blir det nå vaksinert med 12 vekers intervall.

Ein er nå i gang med gruppe 9. Det vil seia aldersgruppa 45-54 år.

– Er du født i 1973 (48 år i år) eller tidligare, og ikkje har fått tilbod om vaksine, ta kontakt med vaksinekontoret, oppmodar Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Gode råd til deg som skal vaksinerast

Økland minnar også om nokre gode råd:

  • Et ein god frukost eller lunsj, og drikk godt før du kjem.
  • Møt opp til fastsett tid. Kjem du tidleg, må du venta utanfor eller i bilen.
  • Ha på lette klede. Vaksinen blir sett i overarmen.
  • Ikkje møt opp om du har symptom som feber, sår hals og hoste. Gi beskjed på vaksinetelefonen 91 30 38 42 eller send e-post til Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no, så får du ny time.
  • Sitt 20 minuttar etter at du har fått vaksinen. Sjukepleiar gjev beskjed når du kan gå.

Koronasertifikat og karantenehotell

Grønt lys i koronasertifikatet for bruk i Noreg betyr ikkje automatisk fri innreise til alle land. Kvart land i EU har eigne reglar. På nettsida Re-open EU kan du søka opp reisereglane mellom landa i EU.

Frå laurdag 19. juni klokka 12.00 slepp du karantenehotell om du kjem frå land innan EØS og Schengen med mindre enn 500 nye smittetilfelle per 100.000 dei to siste vekene

Trinnvis opning for reiser i trygge rammer

Etterregistrering av vaksiner

Nå kan du få etterregistrert koronavaksiner tatt utanfor Noreg dersom vaksinen er godkjente av det europeiske legemiddelbyrået EMA. Meir informasjon om dette finn du her:

Etterregistrering av koronavaksiner i SYSVAK

– Vaksinekontoret i Vindafjord tilbyr etterregistering. Det kostar 250 kroner. Husk at dette må ordnast i god tid før innreise for å sleppa eller få redusert karantenetid, seier Økland.

Ta kontakt med vaksinekontoret på e-post Vaksinekontor@vindafjord.kommune.no eller vaksinetelefonen 91 30 38 42.

Koronasertifikatet frå Helsenorge.no må visast fram ved grensepassering. Du må ha norsk personnummer eller ID-nummer, og du må ha mobil-ID for å logga inn og henta dokumentet.

Testar eigne innbyggarar

Testkontoret får spørsmål om testing frå personar i nabokommunar utan teststasjon.

– Me testar våre eigne innbyggar, og prioriteter dei som bur og oppheld seg i Vindafjord og Etne. Bur du i ein kommune utan testkontor, må du ta kontakt med kommunen din og spørra kvar du skal testa deg, seier Økland.