2.426 vindafjordingar er nå fullvaksinerte

Tilgangen på vaksiner er framleis god, og ein startar vaksinering i gruppe 10 neste veke. Først ut er aldersgruppa 18-24 år.

Vaksinedosar blir trekt opp. - Klikk for stort bileteVer obs på at SMS om å bestilla time til vaksinering kan vera til din son eller di dotter dersom mobilen deira er registret på deg. Ellen Marie Hagevik

I veke 25 har 314 fått dose 1 og 122 har fått dose 2. Det betyr at 2.426 vindafjordingar nå er ferdig vaksinerte.

Veit du at har lett for å besvima, eller bli dårleg under vaksinering, gje beskjed om dette når du kjem. Det er tilrettelagt for at du kan sitta eller ligga ein annan plass enn i hovudromma for vaksinering.

Når det gjeld dose 1, bookar du time sjølv etter at du har fått SMS om dette. SMS blir sendt ut fortløpande etter kvart som vaksineringa går framover i prioriteringsgruppene. Du skal IKKJE bestilla time til dose 2 sjølv. Den får du tildelt når du får dose 1.

– Prioritering av lærarar og barnehagetilsette er eit nasjonalt tema. I Vindafjord ser det per i dag ut til at me kan gje alle innbyggarar over 18 år tilbod om vaksine innan veke 29. Lærarar og barnehagetilsette vil difor komma inn under det ordinære vaksinasjonsprogrammet, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Samstundes er ein i dialog med arbeidsgjevar. Det kan opnast for vurdering av prioritering om det blir endringar i vaksineplanen for Vindafjord.

SMS-en kan vera til dine barn

Det har vore utfordringar med å nå dei yngste aldersgruppene på mobil. Dette skuldast i nokre tilfelle at mobilnummeret er registrert på foreldre eller føresette.

– Er du ikkje i prioriteringsgruppa som blir vaksinert nå, ver merksam på at timen me sender ut kan vera til din son eller di dotter når du får SMS, seier Økland.

Det er også andre aldersgrupper der enkelte ikke har fått melding på rett mobil.

– Om du ikkje har fått melding om at du kan bestilla time, og du veit at du er i samme aldersgruppe som har fått tilbod, kan du prøva og bestilla time på Remin før du kontaktar vaksinekontoret, seier Økland.

Vaksinetelefonen 91 30 38 42 er open 09.00 - 12.00 måndag - fredag. Du kan også senda e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Informasjon og råd om reiser til utlandet

Sommarferien er her, og det er mange som lurer på kva ein kan og bør gjera. Oppdatert informasjon finn du her:

Reiseinformasjon 

Informasjon om land

Koronasertifikat for dei utan digital tilgang

Rundt 100.000 personar i Noreg kan ikkje nytta seg av www.helsenorge.no for å ta ut koronasertifikat. FHI har difor utvikla ein web-applikasjon som gjer det mogeleg for saksbehandlarar ved Helfo å hjelpa ikke-digitale brukarar som tar kontakt via informasjonstelefonen for korona.

Du som ikkje kan bruka smarttelefon, PC eller nettbrett, får dermed tilsendt koronasertifikatet i posten. Du kan bruka tenesta om du er vaksinert eller immun etter gjennomgått covid-19.

Sertifikatet består av to delar:

  • Koronasertifikat for innanlands bruk
  • Koronasertifikat for å passera grenser i EU- og EØS-området

Slik gjer du det

For å få hjelp må du gjera dette:

  • Ha klart fødselsnummer eller d-nummer
  • Ring informasjonstelefonen for korona. Opningstid er klokka 08.00 – 15.30, måndag til fredag.
  • Frå Noreg: 815 55 015
  • Frå utlandet: +47 21 89 80 42

Saksbehandlar vil be deg om ditt fødsels- eller d-nummer, og be deg opplysa om namnet ditt og di folkeregistrerte adresse. Om namnet og adressa du opplyser om ikkje stemmer med det som vises som folkeregistrert adresse i systemet, kan du ikkje få tilsendt koronasertifikatet.

Du må då kontakta folkeregisteret for å avklara kva som er registrert på deg.

Det kan ta ei veke før du mottar sertifikatet. Du kan difor ikkje få koronasertifikat basert på negativ koronatest ettersom testresultatet berre er gyldig i 24 timar. Koronasertifikatet er gyldig i 90 dagar frå utskriftsdatoen.

Treng alle koronasertifikat?

Du trenger ikkje koronasertifikat med mindre

  • du skal reisa til land som krev koronasertifikat for innreise
  • du skal unngå karantene når du reiser inn i Noreg
  • du ønskjer å delta på større arrangement eller kystcruise med krav om koronasertifikat

Personar som ikkje kan bruka den digitale løysninga, kan bruka fullmaktsløysinga på Helsenorge.no for å få hjelp til å skriva ut, til ei kvar tid, gyldig koronasertifikat.