1.574 vindafjordingar er fullvaksinerte

I neste veke startar vaksineringa i gruppe 8. Denne veka har 68 fått dose 1 og 358 har fått andre dose. 1.574 vindafjordingar er ferdig vaksinerte. Prioriteringslista er nå oppdatert til og med 18 år.

Vaksinedosar blir trekt opp. - Klikk for stort bileteVaksinekontoret har ei viktig oppmoding til alle som ventar på vaksine: Svar på SMS, og ta telefonen sjølv om det er ukjent nummer. Det kan vera vaksinekontoret som ringer. Ellen Marie Hagevik

Gruppe 8 er dei mellom 55 og 64 år utan underliggande sjukdom. Denne veka er prioriteringslista blitt oppdatert med gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år) og 11 (25-39 år).

Meir om prioritering av vaksine kan du lesa her

– Det blir frå neste veke oppstart av vaksinering i gruppe 8. SMS blir sendt ut fortløpande ut frå kor mange vaksiner som er tilgjengelege. Først til mølla-prinsippet gjeld, så det er lurt å ikkje venta for lenge etter du har fått SMS, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoorinator smittevern.

Om det ikkje er ledige timar, vil du få ny mogelegheit seinare når nye timar blir lagt ut i vekene  framover. Du får då melding om å bestilla time via ei lenke der du må bruka ID-porten for å logga deg inn.

– Det er berre dei me har sendt melding til som har tilgang til å bestilla vaksine til seg sjølv. Det er ikke mogeleg å bytta innbyrdes. Du skal berre bestilla time til dose 1. Time til dose 2 blir tildelt på vaksineringsstaden, seier Økland.

Har bestilt koronatest i staden for vaksine

Vindafjord kommune brukar samme leverandør for vaksinebestilling som ved bestilling av koronatest.

– Me ser at enkelte har vore litt snare og bestilt koronatest i staden for vaksine. Ver obs på at koronavaksine ligger lenger ned på sida. Vi ber alle som allereie har mottatt vaksine om å sjå bort frå SMS, seier Økland.

Vaksinering i sommar

I sommar får veldig mange tilbod om koronavaksine. Grip mogelegheita når du får tilbodet.

Det vil bli vaksinering på Ølen kulturhus torsdager gjennom heile sommeren.

Me går mot ferietid, og det er lurt å følga med på helsenorge.no. Der finn du nyttig informasjon om karantenereglar og koronasertifikat med meir.

Oppfordring til studentar

– Me oppfordrar studentar som har planar om å studera utanlands om å ta kontakt med oss allereie nå for å oppnå fullvaksinering før avreise, seier Økland.

Dette seier Folkehelseinstituttet (FHI) om vaksinering av studentar:

  • Mange studentar vil ikkje vera i studiekommunen når deira tur i vaksinekøen kjem sidan dette vil skje i løpet av sommarferien. Følgande punkter er sentrale for studentvaksinering:
  • Det er i utgangspunktet fordelaktig at studentar tar imot tilbodet i den kommunen dei er folkeregistrerte.
  • Samtidig må studiekommunen vera budd på å tilby vaksine til studentar som oppheld seg i kommunen, og ha ordningar som gjer at desse kan registrera seg.
  • Hovudregelen er at studentar, som andre, skal motta andre dose der dei mottok første dose. Dette vil imidlertid ikkje vera mogeleg for alle, men med dei estimata me har nå vil dei fleste kunna få tilbod om to dosar innan semesterstart.
  • Det kan bli aktuelt å ha opphentingsvaksinasjon i regi av studenthelsetenestene til hausten for å fanga opp studentane som ikkje har fullført vaksinering i løpet av sommaren.
  • Norske studentar som studerer, skal studera eller skal på utveksling i utlandet, bør få tilbod om begge dosar før dei reiser frå Noreg.
  • Utanlandske studentar som skal studera i Noreg over tid har krav på vaksine på lik linje med andre som bur og opphelder seg i Noreg. Bustadkommunane (altså som regel universitetsbyen) har ansvar for å gi tilbod til denne gruppa.