Velkomen til foreldrekurs

Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr gratis foreldrekurs til førstegongsforeldre som har barn i alderen 6 månader til 3 år. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta.

 

Familie - Klikk for stort bilete MabelAmber frå Pixabay

Har du kjent på følelsen av å ikkje strekke til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg misfornøgd på golvet, og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setja grenser. Du er ikkje åleine om å vera usikker. Kva er det eigentleg barnet vil fortelja?

Vindafjord kommune vil legga til rette for at du som forelder skal føla deg trygg. Våre kurshaldarar tilbyr kurs til deg som er førstegongsforelder.

Prosjekt «Trygge foreldre på Haugalandet»

Vindafjord kommune deltek i prosjektet «Trygge foreldre på Haugalandet». Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr førstegongsforeldre kurs i programmet Circle of Security-Parenting (COS-P). På norsk kallar me kurset for Trygghetsirkelen. Kurshalderane er godkjente COS-P-rettleiarar.

Alt om prosjektet Trygge foreldre på Haugalandet

Målgruppe

Førstegongsforeldre busett i Vindafjord kommune med barn mellom 6 månader til 3 år.

Om kurset

Circle of Security-Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forsking innan tilknytningsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskelig, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.

Føremålet med kurset er å gjera foreldre meir bevisst på å sjå, tolka og møta barnet sitt behov og bli bevisst eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt.

Kurset er delt opp i kapittel. Me nyttar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema, reflekterer i gruppa og gir rettleiing. Barn er ikkje med på kursa.

Tidspunkt og påmelding

Nye kursrekker er planlagt på nyåret 2023. 

Kurs på rådhuset i Ølen:
Kurshaldarar blir kommunejordmor Wenche Strand Hauge og Bergitte Fosen Bjerga frå familieteamet.

Påmelding eller spørsmål til kurset kan sendast Bergitte Fosen Bjerga på e-post: bergitte.fosen.bjerga@vindafjord.kommune.no eller på telefon 90 74 95 62.

Kurset går over 8 gonger, på tysdagar frå kl. 20.00 til om lag kl. 22.00:

  • Tysdag 03.01.23
  • Tysdag 10.01.23
  • Tysdag 17.01.23
  • Tysdag 24.01.23
  • Tysdag 31.01.23
  • Tysdsag 07.02.23
  • Tysdag 14.02.23
  • Tysdag 21.02.23

Kurs på Skjold Arena:
Kurshaldarar blir helsesjukepleiar Nathalie Hellerslien og Ragnhild Thorsen frå familieteamet.

Påmelding eller spørsmål til kurset kan sendast Ragnhild Thorsen på e-post: ragnhild.thorsen@vindafjord.kommune.no eller på telefon 90 51 28 74.

Kurset går over 8 gonger, på torsdagar kl. 20.00 til om lag kl. 22.00:

  • Torsdag 09.02.23
  • Torsdag 16.02.23
  • Torsdag 23.02.23
  • Torsdag 09.03.23
  • Torsdag 16.03.23
  • Torsdag 23.03.23
  • Torsdag 30.03.23
  • Torsdag 13.04.23

Evaluering av kurset

Me ønskjer å vita meir om korleis foreldre opplever kurset og om det er til hjelp. Det vil difor bli gjort ei evaluering. Om foreldre ønskjer å bidra til evalueringa vil dei bli bedne om å svara på nokre spørsmål anonymt. Alle vil få meir informasjon om dette før kursstart, og dei som ønskjer å delta vil bli bedne om å gi sitt samtykke til dette.

Deltakinga er frivillig, og du kan delta på foreldrekurset utan å delta i evalueringa. Det vil også vera høve til å trekka seg frå evalueringa undervegs eller etter kurset dersom du ønskjer det.