Førebuande opplæring for vaksne

Alle vaksne som ikkje har gjennomført grunnskule, kan få tilbud om førebuande vaksenopplæring (FOV) etter opplæringslova § 18. 

FOV er for deg som ikkje har fullført ni eller ti års grunnskule. Det er også for deg som kanskje treng opplæring i enkeltfag for å kunne starte på videregående skule.  FOV er modulbasert. Det gir deg moglegheit til å gjennomføra opplæringa fleksibelt og tilpassa din livssituasjon.

Kartlegging og søknad

Du som søkjer førebuande opplæring for vaksne (FOV) må ha ein samtale hos oss om tidligere utdanning. Nokon søkjarar må ta ein eller fleire testar i faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag.  Resultata av testane er for å finne ut kva for eit tilbod som passar for deg. 

For meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar Sigrid Vestbø,  tlf. 53655851 eller sigrid.vestbo@vindafjord.kommune.no .

Søknadsskjema grunnskuleopplæring organisert for vaksne. (PDF, 29 kB)