Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Vindafjord vaksenopplæring tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar etter Integreringslova kap 6 og 6A. Innvandrarar som ikkje har rett til gratis opplæring, kan få tilbod om opplæring mot betaling dersom ledig kapasitet. 

Norskopplæring for innvandrarar

Mange innvandrarar må gjennomføra opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Nokon får opplæringa gratis, mens andre må betala. Det er kommunen som skal gi tilbud om opplæring.

Rett betyr at ein har rett på gratis opplæring etter læreplanen fastsett av Kompetanse Norge. Denne retten fell bort dersom ein ikkje har gjennomført opplæringen innan tre år. Etter det må ein betala sjølv.

Plikt betyr at ein må ha gjennomført opplæringa for å kunna søka permanent opphald eller statborgarskap seinare. 

Meir informasjon finn du på IMDI 

Søknadsskjema norskopplæring for innvandrarar (PDF, 32 kB)

Norskprøve

Neste prøveperiode blir lagt inn her med påmeldingsperiode.

Du vil få informasjon om dato for delprøven seinast to veker før prøven.

Hald deg oppdatert på nettsida til Kompetanse Norge

Påmelding

Du vel sjølv om du vil melda deg på alle delprøvar samtidig, eller berre ein eller to eller tre av dei (lese, lytte, munnleg og skriftleg framstilling). Det er ikkje lov å melda seg på samme delprøve to gonger i samme prøveperiode.

Du vel kva for eit nivå du skal ta (A1–A2, A2–B1, B1–B2) når du melder deg på prøven. Påmeldinga er bindande.

Det er veldig viktig at du fullfører heile påmeldinga. Du må velga korleis du betalar for prøven. Du er påmeldt når du har fått i stadfesting på sms og e-post.

Du må skriva riktig adresse når du melder deg på prøven. Har du flytta og fått ny adresse, må du seia frå til vaksenopplæringa. 

Kveldskurs i norsk

Kveldskurs kan blir arrangert ved behov og etterspurnad, og er i utgangspunktet eit tilbod for betalande elevar. Prisen er 60 kroner per undervisningstime.

For å setta i gang eit kveldskurs, må det vera eit visst deltakartal. Det er eit mål å ha tilbod om kurs på ulike nivå.

Tilbodet om kveldskurs vil naturleg variera litt, men informasjon er tilgjengeleg på nettsida.

Ta kontakt via e-post vaksenopplaeringa@vindafjord.kommune.no eller telefon 53 65 58 51.

Søknadsskjema kveldskurs i norsk (PDF, 18 kB)

Evening courses in Norwegian

The Education Centre for adults arranges evening courses in Norwegian for immigrants. These courses are mainly meant for persons who have to pay for this service.

The prize is NOK 60 per teaching lesson. A certain number of participants will have to be registered before a course will be started. At times there may be courses at different levels.

Courses offered may vary from time to time, but information should be available on these internet pages.

The courses take place at kultur- og læringssenteret Sjøperlo, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen. 

Apply for evening course by sending in your Registration form (PDF, 18 kB) to:

Vindafjord vaksenopplæring
Rådhusplassen 1
5580 Ølen

For more information, please contact head of department

Sigrid Vestbø, phone number: 53 65 58 51