Tuva og Matias valde å flytta heim til Vindafjord: - Mange gode moglegheiter her
Tuva Helland-Hundermar (24) og Matias Berge (24) flytta heim – og satsar på karriere i bygda.
Kvifor valde de å flytte heim til Vindafjord?
– Familie og vener er her, og det har eigentleg alltid vore planen å flytta heim. Mange av vennene mine har òg planar om å busetja seg her etter kvart, og det er samtidig mange gode moglegheiter i området., seier Tuva.
– Eg ville starte noko eige, og då var Vindafjord den rette plassen. Her har du både nettverk og eit næringsmiljø som inspirerer til å satse, legg Matias til.
Korleis opplever de jobb- og bustadmoglegheitene?
– Me har mange gode jobbmoglegheiter her, og då ei ledig stilling hos Omega 365 Consulting dukka opp, nølte eg ikkje med å visa interesse. Det er ein del av nærmiljøet, samstundes som selskapet er internasjonalt – noko som gir gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Det er eit spanande firma, og eg er veldig heldig som får vera ein del av det, fortel Tuva.
– Du får mykje meir bustad for pengane enn i byen Me har nyleg hatt eit oppdrag i Sandeid på Balahaugen, eit område med mange flotte nye bustader. Her har me følgt heile byggeprosessen frå start til slutt. Me opplever at det er stor interesse for å etablere seg i Vindafjord, og håpar at det snart kjem fleire attraktive tomter slik at endå fleire får moglegheita til å busetja seg her, seier Matias.
Matias, korleis har det vore å starte firma?
– Veldig kjekt. Gjer du ein god jobb, spreier ryktet seg fort på bygda. Me fekk tidleg store oppdrag – blant anna å bygge heile hus – noko me nok ikkje hadde fått sjansen til i ein storby.
Kva vil de seie til andre unge som vurderer å flytte heim?
– Bruk nettverket ditt og søk jobbar – moglegheitene er her, oppmodar Tuva.
– Tør å satse! Har du ein idé eller eit fag, er dette staden der det skjer. Her er det mange å sparre med og mykje kompetanse å lære av, seier Matias.
Korleis ser de framtida dykkar?
– Me ser føre oss å bygge noko igjen, og etablere familie, fortel Tuva.
– Fortsette veksten i firmaet – og etablere familie her i Vindafjord, svarar Matias.
Sist endra 04.11.2025 20.14