Eventuelle merknadar skal sendast skriftleg til Vindafjord kommune, Eining Areal og forvaltning, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid eller som e-post til: landbruk@vindafjord.kommune.no
Bilete viser Stadnamn faktaark frå Kartverket på garden Roalkvam.
Statens kartverk
Informasjon frå Kartverket
Etter å ha fått spørsmål frå Rogaland fylkeskommune om rett skrivemåte på skilt, har Språkrådet teke opp namnesak for gardsnamnet Roalkvam/Roaldkvam (gard 53) for å få avklart skrivemåten, jf. brev datert 12.01.2026. Kartverket nyttar samstundes høvet til å reisa namnesak for nokre fleire namn som har skrivemåtestatusen 'føreslege' i Sentralt stadnamnregister (SSR), m.a. gardsnamnet Aukland/Økland (gard 285). Saka vert teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk.
Statens kartverk sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn. I tillegg til primærnamna tek me avleidde namn med i saka, jf. § 8 siste ledd i forskrift om stadnamn.
Det går fram av den vedlagde lista kva for namn som er med i saka. (PDF, 73 kB)
For fleire opplysningar om namna, sjå innsynsløysinga vår for SSR: stadnamn.kartverket.no/fakta. Somme bruksnamn står berre i matrikkelen og kan søkjast opp i https://eiendomsregisteret.kartverket.no Søk på: gnr./bnr., namnet på kommunen, t.d. 53/1, Vindafjord.
Lokal høyring
Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedervde gards- og bruksnamn, seternamn og statlege anlegg. Før me gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Saker som gjeld bruksnamn, skal eigarane få tilsende direkte frå kommunen. Det går fram av den vedlagde lista kva for nokre bruk dette gjeld.
Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed me om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.
Normeringsprinsipp
I tillegg til å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen, skal ein som hovudregel fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, jf. § 4 fyrste ledd i lov om stadnamn. Skrivemåten skal vera praktisk og ikkje skyggja for meiningsinnhaldet i namnet. I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast.
Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vera retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova. Kommunen må difor setja på vent eventuelt pågåande saker som gjeld adressenamn og adressetilleggsnamn, der dei same namna inngår, til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamnet. Kommunen må ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når dei skal gjera vedtak.
Bruksnamn
Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vera retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. Men etter § 5 tredje ledd i lov om stadnamn har eigaren rett til å fastsetja ein annan skrivemåte av namnet på eige bruk enn den som fylgjer av § 4 fyrste ledd i lova. Føresetnaden er at han/ho kan dokumentera at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn (på offentleg kart, i matrikkelen, skøyte e.l.). I så fall må eigaren senda krav til Kartverket og leggja ved slik dokumentasjon. Klageretten for namnet i andre funksjonar, t.d. gardsnamnet, fell då bort. Kartverket er formelt vedtaksorgan også for skrivemåten av bruksnamn fastsette av eigaren.
Vidare saksgang
Kommunen har ansvaret for å kunngjera at namnesaka er reist, t.d. med notis i ei lokalavis og på nettsidene sine. Kommunen har òg ansvaret for å henta inn og samordna dei lokale høyringssvara. Dei skal sendast til Språkrådet, Postboks 1573 Vika, 0118 Oslo (post@sprakradet.no), med kopi til Kartverket. Språkrådet vil så gje endeleg tilråding til Kartverket. Kommunen har tre månader på seg til å gjennomføra den lokale høyringa frå dei får dette brevet.
Lenker
Vedlegg