Du bør kunna klara deg sjølv i minst tre døgn

Har du alt du treng for å klara deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 31. oktober startar ei landsdekkande kampanjeveke om eigenberedskap.

Det er anbefalt å lagra 9 liter vatn per person i husstanden. G.Røkeberg / DSB
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen. Ellen Marie Hagevik

– Målet med Eigenberedskapsveka 2022, som blir gjennomført 31. oktober - 6. november, er å gjera oss betre rusta til å stå imot kriser. Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klara deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine næraste blir litt betre førebudde, seier Yngve Folven Bergesen, kommunedirektør og øvste ansvarlege for beredskapen i Vindafjord kommune.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betra eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klara deg i minst tre døgn.

Dette gjer me under Eigenberedskapsveka 2022

  • Heile veka er det utstillingar på rådhuset og biblioteket med informasjon og huskeliste folk kan ta med seg.
  • Nyttige artiklar på nettsida til kommunen, mellom anna informasjon på ulike språk.
  • Forslag til korleis du kan øva heime finn du nettsida vår.
  • Humoristisk miniserie om Beredskapstroppen.

Kvifor kjem eigenberedskapsråda nå?

Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjente utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Me som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar me er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare. 

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom me blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. 

– Ved å vera førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg, poengterer kommunedirektøren.

Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar over heile landet.

You are part of Norway’s emergency preparedness. Information in different landguages.