• Gjentakande aktivitet
  • Hending

Balansetrening

Dato

Tirsdag 25. november 2025

Tidspunkt

kl. 11.00 - 12.30

Stad

Kultur- og læringssenteret, Sjøperlo

I samarbeid med fysioterapeutane i Vindafjord har frivilligsentralen starta opp med balansetrening for eldre.

Ei balansegruppe er ei gruppe menneske som møtes for å vera fysisk aktive. Målet er å ha ein sterk kropp som gjer at ein betre kan klare seg sjølv. Fokus er på øvingar som fremjar balanse og styrke, både i armar og bein.  Øvingane vil føregå på og rundt ein stol og deltakarane bestem sjølv om dei treng litt ekstra støtte i stolen eller ei. Med andre ord tilpassar ein øvingane for alle. Det er likevel krav om at ein i utgangspunktet må kunne forflytte seg sjølv. Til dømes må ein kunne reisa seg frå stolen utan å nytte armlene. Ein må også kunne kome seg til og frå balansetreninga på eige hand. 

Det er dyktige frivillige som leiar treningane. Desse har fått god opplæring av fysioterapeut. 

Etter at ein er ferdig med treninga er det tid til drøs og ein kaffikopp for dei som ynskjer det.

Det er full gruppe, men ta kontakt med frivilligsentralen om du vil stå på venteliste. 

Dagar aktiviteten går føre seg

November

  • 25.11.2025

Desember

  • 02.12.2025
  • 09.12.2025

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Vindafjord frivilligsentral

Kontakt

Liva Nesheim Fuglestein

Om staden

Namn

Kultur- og læringssenteret, Sjøperlo