• Kino

Henden- rekviem for en fotograf (Gratis seniorkino)

Dato

Fredag 3. oktober 2025

Tidspunkt

kl. 12.00 - 13.30

Stad

Sjøperlo - storsalen Ølen kulturhus

Noregspremiere! Sjå den varme og usentimentale dokumentaren om krigsfotograf Harald Henden.

Krigsfotograf Harald Henden var heile Noreg sitt blikk ved frontlinjene i fleire tiår. Over natta må han kjempa sin eigen, personlege kamp.
Den anerkjende krigsfotografen Harald Henden får ein diagnose som ikkje kan bli lækja, og innser at han berre har månader igjen å leva. 
Tida som følgjer blir fylt av kontrastar – frå sjukehusbesøk til prisutdelingar og varme, humørfylte stunder med hans beste ven Morten.

Samtidig ser Harald tilbake på ei ekstrem tilvære som fotograf stadig klar til å reise, med ein koffert pakka for alt som kan gå gale i nokre av dei verste konfliktområda på jorda. 
Harald fortel om bileta han har teke, og reflekterer samtidig over bileta han ikkje tok – i augneblinkane der han la frå seg kameraet for å hjelpa.

Rune Denstad Langlo, regissøren av Henden, forventa å møta ein hardhuda krigsfotograf, men sit igjen med biletet av «einaudmjuk gentleman, full av humor og varme».

Harald Henden tok ikoniske bilete som fekk tyding for ei heil verd, og dokumentaren om han løftar dei opp på det store lerretet – 
i ei humørfylt og universell historie om korleis me menneske kan forsona oss med vår avgrensa tid på jorda.

«Rørande, raus og overraskande morosam» – Adresseavisen

Premiere: 03.10.2025

Originaltittel: Henden – rekviem for en fotograf

Regi: Rune Denstad Langlo

Produksjonsår: 2025

Speletid: 1 t. 17 min.

Nasjonalitet: Noreg

Aldersgrense med grunngjeving: 15 år

Produksjonsselskap: Motlys

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Kultur- og læring

Kontakt

Silje Holden Birkeland

Om staden

Namn

Sjøperlo - storsalen Ølen kulturhus

Om arrangementet

Pris vaksen
0
Aldersgrense
15
Regi
Rune Denstad Langlo
Sjanger
Dokumentar
Nasjonalitet
Norsk
Varighet
01:17