UngTysdag held til på Kultur- og læringssenteret, på Sjøperlo i Ølen, og har ope kvar tysdag klokka 18.00 - 20.00. Tilbodet er gratis, og du står fritt til å stikka innom oss i opningstida. Det er også gratis mat kvar gong.
På UngTysdag kan du mellom anna henga med vener, høyra på musikk, spela brettspel, game, syngja karaoke, bingo, kahoot, quiz, og du kan delta på ulike kurs. Det kjem ungdom frå alle bygdene, så stikk innom du også!
Mat og aktivitet 18. november: pizza og dansekonkurranse
Vekentlege oppdateringar får ein ved å leggje til “UngVindafjord” på Snapchat.