Rollespeldag på biblioteket

Høyrt om «Dungeons & Dragons» eller «Warhammer Fantasy» og undrar på kva dette er? Veit du kva det er, men har aldri fått prøvd rollespel?

Dato
26. november 2022
Tid
10:00 - 15:00
Stad
Biblioteket

Laurdag 26. november blir det på biblioteket høve for dei mellom 10 og 18 år å prøva Dungeons & Dragons.
Dei som er over 18 år får høve til å prøva Warhammer Fantasy.

Rollespel kan best bli skildra som «kollektiv historieforteljing».
Ein spelmeister styrar forteljinga ved å skildre verda og kva som skjer, medan dei andre spelarane styrar kvar sin karakter i historia.
Ein har eit ark med oversikt over evnene til karakteren ein styrar, og triller terningar for å løyse oppgåver og kjempe mot fiendar.

 

På dette arrangementet må ein melde seg på innan fredag 25. november på tlf: 53 65 58 60  

Arrangør

Biblioteket

Kontakt

Silje Holden Birkeland