Velkomen til ein stemningsfull klassisk konsert med fiolinisten Miroslav Potfaj og pianisten Jan Gunnar Sørbø. Saman tek dei oss med på ei musikalsk reise frå klassisismen til romantikken, med verk av Ludwig van Beethoven og Edvard Grieg.
På programmet står mellom anna ei av Beethovens vakraste fiolinsonatar og Griegs fiolinsonate nr. 3 – eit storslått og krevjande verk som rommar både kraft, varme og norsk klang. Konserten byr på samspel i verdsklasse, sterke kontrastar og vakre melodiar.
Miroslav Potfaj er ein slovakisk-norsk fiolinist busett på Sand. Han har ei brei utdanning frå mellom anna Bratislava, Chicago, Kyiv og Banská Bystrica. Han har lang røynsle som solist, kammermusikar og lærar. Han er grunnleggjar av Fjordkvartetten og står bak den årlege klassiske musikkonserten La Skala.
Jan Gunnar Sørbø er klassisk pianist og kjem opphavleg frå Rennesøy i Ryfylke. Han har studert i Noreg, Danmark og Tyskland, og har spela konsertar i både inn- og utland. Sørbø har eit breitt musikalsk uttrykk, frå Bach til ny musikk, og er ein etterspurd solist og kammermusikar.
I mange år har Potfaj og Sørbø spela saman og utvikla eit tett og levande musikalsk samspel. No gler me oss til å ønskja dei velkomne til Vindafjord og ei konsertoppleving med klassisk musikk på høgt nivå.
Pris billett: 100,-
I tillegg til å reservere billett pr. telefon ( 53 65 58 60 ) og e-post ( vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no ), blir det høve til å kjøpe billett i døra.